Industrihistorie for ungdom. Handlar mest om kraftutbygginga og industrialiseringa i Odda og Tyssedal. Men liknande historier kunne forteljast frå andre industristader, som Sauda, Høyanger og Rjukan.
Publisert i Bøkene mine
|
Boka er ein slags biografi om ein kar som fortel frå eit langt og mangslunge arbeisliv. Han har vore sjømann, kvalfangar, tømmerhoggar og skytebas på anlegg. Han fortel på ein svært levande og personleg måte, med ikkje så lite humor.
Odd W. Suren skreiv om boka i Dag og Tid :
“Noko av det finaste med denne boka er det ho seier oss indirekte, ved summen av dei konkrete forteljingane, om det å verta eit ordentleg, heiderleg menneske (…) Det er ei interessant og flott bok Trædal har laga, ikkje minst ved at han siterer Harry Jørgensen konsekvent på dialekt, slik at mannen kjem nær oss, og boka blir mest som ein drøs mellom tekst og lesar.”
Publisert i Bøkene mine
|
Denne boka er nå utseld frå forlaget, og vanskeleg å finne i bokhandlane. Kan bestillast frå nettsida mi, lasse-t.no
Publisert i Bøkene mine
|